Vedøy - Salvøy Fra "Bygdebok for Karmøy - Åkra" utgitt 1980 Før 1838: Matr. nr. 49. Skyld 9 spann korn. 1838-1851: Matr. nr. 5, 1øpenr. 25a-25b. Skyld 4 dalar 4 skilling. 1851-1886: Matr. nr. 1, 1øpenr. 1-3. Skyld 4 dalar 4 skilling. 1886- : Gardsnr. 1. Skyld 4 mark 17 øre. Vedøy, eller Salvøynå som ho heiter til dagleg, er ei noko over 300 mål stor øy vest for Veabygdå. Ho er låg; høgste toppen når ikkje meir enn 17 meter over havflata. Rundt på alle sider er ho omkransa av holmar og skjer, Dyrholmen, litle Tvilaupeholmen, Klobbenesholmen, Porsholmane, Kisteholmen, Hedleholmen og Taravikholmen, Herraskjer, Børøyskjera og Vestraskjer. Mellom Salvøynå og Karmøy ligg Ospøynå. Ei utfylling mellom Salvøynå og Ospøynå og bru frå Ospøynå inn til Karmøy knyter henne i dag til fastlandet. Brua kom i 1957. Før det rodde ein til Sævik for å handla. Etter brua kom, fekk Salvøynå to forretningar. I dag (1980) er det ein handelsmann igjen. Frå naturen si side er ikkje Salvøynå så dårleg utrusta som eit førsteinntrykk kanskje kan få ein til å tru. Visst er her snautt og mykje fjell. Men midt på og på austsida er det ikkje så lite djup jord sine stader i daldraga mellom dei grå fjelldraga. Her var rom for både kornåkrar og særleg potetåkrar. Med tare til gjødsel på potetene gav åkrane avlingar for salg. Løk vart det og dyrka såpass av at det vart meir enn til husbruk. Likevel har den delen av naturgrunnlaget som er knytt til havet, vore det viktigaste for dei menneska som gjennom tidene bar hatt sitt tilhald på Salvøynå. Me kjenner ingen funn eller førhistoriske minne som kan fortelja noko om dei første menneska på define staden. Kanskje vil det i framtida dukka opp flintreiskapar og andre ting som vil gi oss ny kunnskap om dette. Fast gardsbusetnad vart det truleg i vikingtida eller i tidleg mellomalder, mellom 800 og 1300 e.Kr. Om dei som budde her i denne tida, veit vi ikkje anna enn at dei nytta namnet Vedøy om bustaden sin. Tydinga av namnet er noko uviss. Fire ulike tolkingar er sette fram. Ein går på at førsteleden kjem av ordet viti som tyder varde. Ein annan går på at det skal koma av ordet vidr som tyder skog eller tre. Ei tredje tolking, som synest like rimeleg, er at førsteleden har samanheng med ordet veidr, det er fangst ved jakt eller fiske. Det har gjennom hundreåra vore tatt ikkje så lite av både fisk og skaldyr ved Vedøy. Men ei fjerde tolking må også nemnast. Førsteleden kan vera gardsnamnet Vea og Vedøy beint fram tyda den øya som høyrer til Vea. Kor som er, når vi første gong møter Vedøy i dei skriftlege kjeldene på 1500- og 1600-talet, låg ho til Mannes. I seinmellomalderen, ein gong etter Svartedauden, flytte folket frå Vedøy. I ei liste frå 1567 er ho skriven "Wedernn øtt" med ein leidangsskatt på 1 kalveskinn, det vanlege for ein øydegard. På slutten av 1620-talet flytte ein mann frå Mannes nord til Vedøy og sette bu der. Han heitte Salve. Og dermed fekk øya i daglegtalen namnet Salvøynå. Sjølv om folk var bufaste på Vedøy att, vart ho framleis nokre tiår nemnt under Mannes. Først i 1664 finn vi Vedøy skyldsett for seg, og då med 1 vett korn i landskyld. I 1670 var dette sett opp til 1½ vett (d.e. 9 spann), noko som stod ved lag til nymatrikuleringa i 1838. Økonomiske tilhøve. Salvøynå er ikkje stor. Likevel har ho gitt eit godt utkome til dei som har hatt sitt tilhald her. Matrikkelen frå 1723 meinte garden kunne tåla 8 naut og 10 sauer forutan 1 hest. Kommisjonen fann å fåreslå ein landskyldauke på 3 spann. Skiftet etter Anna Jensdtr. frå 1725 og skillet etter Endre Torbjørnsen frå 1820 fortel at husdyrhaldet var stort her ute. I buet etter Anna var det 1 hors, 1 stut, 8 kyr, 3 kviger, 2 vetrungar og 3 kalvar, 5 sauer og 2 gimrar. Dette skiftet vart halde midtsommars. Endre fall fra seinhaustes. Han etterlet seg 1 hoppe med føl, 7 kyr, 3 kviger, heile 12 verar, 8 sauer og 8 lam forutan 1 gait og 3 gjeser. Større buskap let seg nok vanskeleg fóra vinteren over på Salvøynå. Eng og beite på sjølve øya var begrensa. Holmane rundt vart nytta til smalabeite. Men i tillegg til dette hadde Salvøynå beiterett i utmarka inne på Karmøy saman med Østhus, Vea, Haringstad, Brekke, Sæveland, Rangvaldjord, Tjøsvoll, Varne, Trælhaug og Årvoll. Dette beitet vart ordna ved eit forlik i 1859-1860. I dag er ein vel 70 mål stor teig sør for riksvegen, mellom Vea, Brekke, Østhus og Sævik eigedom, utskilt som felleseige for gardane pa Salvøynå. Åkeren pa Salvøynå gav store avlingar. Ved vurderingane både i 1723 og i 1802 kjem det fram store folltal, det første året 6 og det andre aret 7 foIl. Åkerjorda er djup og god mellom bergskortene. Kjeldene fra 1723 og 1802 reknar med ei avling på 12-14 tønner. I 1820 var poteta komen til Salvøynå. Ved skiftet det året er det nemnt 8 tønner "potates". Desse kom nok fra eigen åker. Potetåkrane gav seinere så store avlingar at t.d. Askel Fredriksen hadde for salg. Sjur Andersen er i 1875 dessutan nemnt å ha ½ mål åker til andre rotfrukter. Gav åker og eng rikeleg, sa gav sjøen til sine tider ikkje mindre. Både garn, liner, teiner og nøter har vore naturlege eigneluter i Salvøyheimane. Me kan la skiftet etter Endre Torbjørnsen fra 1820 fortelja om det. Han etterlet seg for det første eit naust og ei sjøbu. Og i eller ved desse lag to færinger, ein ny seksæring og ein gamal åttæring med segl og fokke, forutan 4 sildegarn med flå og felling, 1 gamal mortenot og 2 liner. I same andedrag må me og nemna 16 tønner fransk salt. Hummaren må nemnast særskilt. Sommaren 1726 var det sak mellom David Vea og Ahasverus Sævik om hummarfisket rundt skjera og holmane vest av Veavagen. Då vart og "anviist af dend Dannemand Jacob Vedøen hands ejende Holmer, saasom Dyrholmen, Herreskiærret, Børøyskiærret og Tarrevigskierrene, hvilche tilhører Vedøen og er . . . . ufrugtbahre oven vandet, men med herlighed af humrefiskerie paa visse Stæder begavet . . .". Sjølve Vedøy vart og vurdert og funne "paa visse Stæder af den ytre side Mod havet befunden at have iblant lige hærlighed". I seinare tid hadde dei på Salvøynå humrapark i sundet mot Nordre Avlaupet, der dei sette opp rister i begge endane. I vårt hundreår er det skilt ut fleire sjøhustomter og strandtomter i samband med fisket. Dei viktigaste er "Porsholmen Sildesalteri" som vart fråselt i 1919 til David Tjøsvoll m.fl. og ei tomt i søraustenden av Ospøynå som vart fråskilt same året til Govert Grindhaug. De gode tidene på sjøen gav seg uttrykk i vel stand på land. Skifta fortel om fine kjøpeting, både av klede og inn bu. Alt Endre Torbjørnsen hadde eit stoveur med kasse og tilbehør i stova si. Bruks- og eigedomstilhøve. Frå Salvøynå vart busett att sist i 1620-åra og like fram til 1823 var det i hovudsak berre ein brukar her, bortsett frå nokre få unntak ikring 1660, ikring 1705, midt i 1740-åra og sist i 1750-åra då det er nemnt to brukarar på øya. Matrikkelen frå 1668 nemner "Vedøen, med huusmandzsædet". Forklaringa på dei to oppsitjarane ikring 1660 er altså at det sat ein husmann her ved sida av brukaren. Først etter at Endre Torbjørnsen var avliden skulle Salvøynå bli delt for alvor. I 1822 tok David Rasmusson og Kristoffer Pålsen over kvar sin halvedel, dei seinare bnr. 1-2 og 5. Bruksnr. 5 skulle i hovudsak forbli det same inn i vårt hundreår, medan det andre vart delt mellom brørne Hans og Askel Fredriksøner i 1880. Då det vart halde offentleg utskifting på Vedøy i 1937 og 1938, var det 30 bruksnr. på øya. Langt dei fleste av desse var hus- og sjøhustomter. Den første av desse vart utskilt til Anders Toresen i 1840, ei tomt som vart delt av sonen Tore i 1880 då Hans Kristensen fekk nordenden. Desse tomtene er skilde frå bnr. 1-2. Bruksnr. 6, den neste tomta, vart fråskilt i 1900 frå bruksnr. 5 til Sivert Kristensen og ligg på innsida av Klobbeneset. Seinare har ei rad andre tomter blitt fråskilde, i første rekke langs stranda på austsida, frå Klobbeneset i nord til Naustvikjå i sør. Så langt tilbake vi kjenner til, har Vedøy vore bondegods. Skikkeleg greie på eigedomstilhøva får vi først i 1670. Då åtte Turid Litlasund i Skåre 1 vett korn etter manne Ingebret og Omund Ådland i Åkra ½ vett. Våren 1682 kjøpte Johannes Nilssen Munkejord det Turid hadde ått samstundes som han sikra seg rydnings og bunestadsretten til heile øya frå Ola Salvesen Tangen. Hausten 1688 panta Omund Ådland til seg alt dette for 45 rd og sat dermed eineeigar av Vedøy. Frå han gjekk det til dottera Marta som vart gift med Jakob Olsen og buande på Vedøy. I 1730 var det sak om dette godset. Ola Berg i Torvastad, som var gift med barnebarnet til Ingebret og Turid Litlasund, gjorde krav på dei seks spanna. Ved åstadrett på Vedøy 14. november 1731 la Ola fram 45 rd. i løysingspengar. Jakob nekta å ta imot dei. Til slutt vart dei samde om at Ola skulle seia ifrå seg alle krav mot at Jakob skulle betala han 8 rd. innan pinse. Frå Jakob gjekk Vedøy i arv til dottera Malene og svigersonen Jon Jenssen Sund. Dotter deira vart gift med lensman Tore Toresen Mykje i Avaldsnes. Då lensmannen døydde, selde ervingane Vedøy til Kristen Pålsen Munkejord 27. september 1791. 23. september 1819 kjøpte Svein og David Davidsøner frå Vea forutan Erik Didriksen Mehaug dette. Svein kjøpte David og Erik sine partar 23. mai 1823 og 2. november 1821. Etter Svein har brukarane ått bruka sine. (Kilde: Bygdebok for Karmøy - Åkra utg. 1980) 4277 SALVØY - Brevhus Postkontor på Salvøyne fra 1952 til 1968 Opprettet: 1. november 1952, Nedlagt: 29. februar 1968 SALVØY brevhus, i Åkre herred (Karmøy), Rogaland fylke, under Haugesund postkontor, ble opprettet den 1. november 1952. Posten ble sendt med Stavanger - Bergen Nattruten. Sirk. 32, 12.12.1952. Brevhuset ble fra 1.oktober 1959 lagt under Kopervik postkontor. Sirk. 23, 22.8.1959. 4277 SALVØY brevhus I P, under Kopervik postkontor, ble lagt ned fra 1. mars 1968. Ny postadresse: 4276 VEDAVÅGEN. Kilde: Nedlagte poststeder og poststeder som har endret navn i tiden 1900--1981. "Kronet posthorn-stempel ble tilsendt 10. oktober 1952. Brevhusstyrer: Handelsmann Anders Andersen (f. 1885). (kilde: Poststeder - en historisk oversikt - Maihaugen, De Sandvigske Samlinger)  15 år på nette 1996 - 2011 Salvøybuer på nette Salvøybu there’s no place like home..... oppdatert 20. november 2010